
Lærdal kino
Fylte 75 år 11. november 2013
Her er link til ein kort historisk oppsummering.
I 16 år har Øyvind Hamre arbeida ved Lærdal kino, og dei siste tre av desse har han vore driftansvarleg. I løpet av denne tida har han arbeida hardt for å betre kinopplevinga for Lærdølene.
Ei av landets eldste
Kinoen i Lærdal opna seint på hausten i 1938, og har no vore open i 76 år med kontinuerlig drift. Dette gjer at den vert ein av landets eldste kinoar som enno er i drift.
Facilitetane ved Lærdal kino er ikkje like storslagne som dei ved Klingenberg i hovudstaden, men har gjennom åra trufast haldt drifta gåande for lokalbefolkninga. Dette er eit impnerande og lite annerkjent faktum, og Hamre er glad for mogelegheita til å vere med på å vidareføre ein så lang tradisjon.
– Teknologien både for innspeling og framsyning av film har sjølvsagt komme langt sidan kinoen starta her for 76 år sidan, men interressa var stor blandt Lærdølene allereie da. Det var jamnlege forestillingar sette opp, og folk samla seg i store mengder for å sjå. Før vegen ut i Vindedalen vart bygd pleidde dei som budde der ute å ro inn til Øyri for å få med seg filmane, so populært var det.
Mykje har endra seg sidan denne tida, men Hamre fokuserer på å bevare den gamle kulturhistoria til bygda på ein ganske unik måte.
– Utstyret som vert brukt no er ugjennkjenneleg i forhold til det som vart brukt i byrjinga. Da måtte ein faktisk sveive projektoren manuelt for å syne filmen, og det var pause midt i framsyninga så ein fekk høve til å bytte til neste rull. No skjer alt digitalt, og filmopplevinga er ein heilt annan, men dei gamle projektorane og plakatane har allikevel blitt tatt vare på, og er no utstilt ved inngangen til kultursalen.
Hamre fortel at kinoen har fast visning kvar søndag og 1-2 framsyningar og ein sjeldan gong onsdagspremierar (type Hobbiten o.l.).
– Kan du seie noko om det tekniske utstyret?
– Ja! Me har Christie 2220 (ikkje 3D!), Dolby CP 650, QSC forsterkaroppsett: DCM 3, 4 stk DCM 1622, 1 stk DCA 3022, fronthøgtalarar 3 x Electro-Voice TS9040D, sub 2 x JBL 4645 B, surround 8 x JBL 8340.
Salen har 150 seter.
– Kjekt å arbeide med noko ein er interressert i
Ein høyrer fort at Hamre er erfaren når det gjeld film og kulturhistorie, og han deler gjerne det han veit med dei som vil høyre. Han har investert mykje tid i sin interresse for film, og tykkjer det er kjekt å kunne legge dette engasjementet inn i arbeidet han gjer ved kinoen i Lærdal.
– Eg har lenge vore ein kinoentusiast, og interresserer meg for filmar, musikk, og populærkultur generelt. Eg prøver å ta med meg denneØyvind Hamre sel billettar ved Lærdal kino interressa inn i arbeidet eg gjer, og håpar sjølvsagt at dette betrer opplevinga til dei som kjem på framsyningane.
Etter at Hamre tok over drifta av kinoen har han arbeida hardt for å sette eit meir professjonelt preg på facilitetane. Eit viktig tillegg er kiosken han har sett opp, der ein kan kjøpe popkorn, brus, og anna snacks ein vil nyte under filmen, og dekoreringa med gamle plakatar og utstyr som gjer at ein føler at man har komme til ein kinosal.
– Ein god kiosk er ein viktig del av opplevinga når ein går på kino, og fram til no har ikkje dette vore fokusert på. Det eg har fått sett opp til no har vore populært blandt dei som kjem på framsyningane, og eg har planar om å ta inn fleire typer snacks i framtida.
Fokus på kundane
Ei av dei fyrste tinga Øyvind gjorde då han tok over drifta til kinoen i 2012 var å sette opp ein facebook konto der han kan holde kontakten med kundane i bygda. Der legg han ut oppdateringar, trailarar, og tek imot forslag om framsyningar og arrangement.
Sida har no over 400 følgjarar, og fleire framsyningar dei siste åra har blitt sett opp som resultat av forslag på denne sida eller gjennom personleg kontakt. Den siste av desse skjedde no på søndag 2. november då Lærdal kino inviterte til framsyninga av Tusen bitar, ein sterk dokumentar om musikaren Bjørn Afzelius, som eit resultat av ein forespurnad frå fleire interresserte.
– Det er alltid kjekt når folk tek kontakt angåande filmar dei gjerne vil sjå. Det gjev meg eit betre innblikk i kva folk vil ha og kor god oppslutnad eg kan forvente på filmane eg tek inn. Visninga av Tusen bitar hadde litt over 30 besøkjande, noko som kanskje ikkje høyrest ut som mykje, men landssnittet for oppmøte på denne filmen er ikkje meir enn 12 personar. Eg hadde derfor mest sannsynleg ikkje henta inn denne filmen dersom eg ikkje hadde blitt spurt om det, men resultatet vart ein fin framsyning for dei som vil nytte kinoen i bygda, og ein god investering for meg, så eg er glad eg gjorde det.
Oppgraderinga til digitalt utstyr har også hjelp kinoen mykje dei siste åra, då det vert lettare å bestille inn etterspurte filmar. Før forteller Hamre at dei måtte vente lenge på storfilmar, og at rullane ofte var slitte etter fleire visningar ved andre kinolokale før dei nådde fram til Lærdal, kanskje so lenge som tre månader etter premieren. No kan han få tilsendt filmar til same tid som landspremierer, og med like god kvalitet, noko som gjer det mykje lettare å halde kundane interresserte.
– Eg merkar stor forskjell i oppmøte på store filmar no som eg kan konkurrere med premieretidene. Slik som drifta var før hadde det ikkje vore mogeleg å konkurrere når ein kunne sjå filmane i nabobygda eller kjøpe dei på DVD på Kiwi ei veke etterpå, men no kan eg lett holde følge med dei store lanseringane. Det gjer det også lettare å vise filmar som folk vil sjå, då eg kan bestille kopiar inn på rimelig kort varsel dersom det vert nødvendig.
Framtidsretta
Sjølv om han har fått mykje gjort dei tre åra Hamre har vore ansvarleg er det enno mykje han håpar på å få gjort. Lerrettet i salen byrjar å verte slitt, og omgivnadene ute i inngangen til kulturhuset er ikkje veldig innbydande, meiner han.
– Målet er å få sette opp omgivnader der folk kan samle seg og slappe av før filmen startar. Slik som det er no verkar omgivnadene kalde og lite innbydande, og det er ingen plassar ein kan sette seg ned og vente på at andre skal møte opp. Eg vil gjerne få sett opp nokre sofakroker eller liknande, slik at det vert meir attraktivt for folk å møte tidlegare i staden for å møte fem minutter før filmen byrjar, og så dei slepp å stå i lange køar for å kjøpe billettar som eit resultat av dette. I tillegg håpar eg at folk vert meir aktive og tek kontakt angåande filmar dei vil sjå, så eg kan legge opp programma utifra deira interesser.
Om desse endringane vert ein realitet vil tida vise, men det er ingen tvil om at Øyvind held kinotradisjonen i Lærdal godt ved like med si drift av lokalet. Det står fleire spennande filmar på programmet i november, og når det byrjar å nerme seg juletider vert det fokus på familiefilmar, og me får gjennsyn med populære filmar frå i år og i fjor, som Jul i Flåklypa og Karsten og Petras Vidunderlige Jul. Med desse visningane nermar det seg slutten på 76 år med trufast drift av Lærdal Kino, og dersom Øyvind Hamre får bestemme kjem me til å ha flotte filmopplevingar å sjå fram til i bygda i fleire år framover.
Tekst & foto: Eivind M. Øren, Porten.no
(Gjengitt med tillatelse.)


Facebook
RSS